Foreldreguide

KapittelJuridiske verkemiddel

1 min lesetid · Juridiske verkemiddel· Stopp mobbing· Bruk av rettsapparatet

Politiet henlegg ofte mobbesaker

Politiet henlegg mange mobbesaker, men henleggingar kan klagast inn for Statsadvokaten — og ankar har ført fram før. Ikkje lat eit første nei bli siste ord.

Møtet med politiet er ofte personavhengig. Nokre møter politibetjentar som tek mobbinga på alvor og hjelper familien, andre avviser familien og frårår dei å levere politimelding.

Familien kan politimelde krenkingar, sjølv om politiet frårår politimelding.

Ved henlegging kan familien klage henlegginga inn for Statsadvokaten. Klaga blir send via politidistriktet, og fristen for anken skal gå fram av brevet frå politiet. Han er normalt på 3 veker. Dersom Statsadvokaten henlegg saka, kan ein anke til Riksadvokaten.

Ein rektor fekk påtaleunnlating i ei mobbesak, sjå “Rektor kjent skyldig for ikke å ha grepet inn mot mobbingen av Stian”. Politimeldinga frå familien blei henlagd av politiet. Familien anka henlegginga, noko som førte til etterforsking og påtaleunnlating.

Les: Kva kan politiet gjere?

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.