Foreldreguide

Kapittel › Kva er mobbing?

Kva er mobbing?

Kva som blir rekna som mobbing, og korleis du vurderer det barnet ditt opplever.

2 min lesetid

Mobbing er krenkingar som blir gjentekne over tid mot ein som er i ein underlegen posisjon. Her får du definisjonen skulane og lova bruker — og hjelp til å vurdere om det barnet ditt opplever, er mobbing.

Mange foreldre nølar med å bruke ordet mobbing — ein vil ikkje overdrive, og ein håper det går over. Men vurderinga di er viktig: korleis skulen skal handle, avheng av kva dette faktisk er. Lat oss sjå på definisjonen, del for del.

Det har vore debatt rundt bruken av ordet mobbing, der enkelte har argumentert for at vi heller skal bruke ordet “krenkingar”.

Debatten viste ein motstand mot ordet mobbing som vi meiner kan sjåast i samanheng med motviljen skular har mot å erkjenne mobbeproblem. Det har kome fram at skular har instruert barn i å skjule mobbing ved elevundersøkinga. Det er ikkje uvanleg at føresette sjølve kvir seg for å seie ordet mobbing. Erfaringa vår er at skular som prøver å unngå ordet mobbing, har større tendens til å bagatellisere problemet, og kan vere motvillige til å setje i verk nødvendige tiltak.

Krenkingar og mobbing heng saman, men er ikkje det same. Mobbedefinisjonen

Mobbing er krenkingar gjentekne over tid mot ein underlegen part

Lat oss sjå på dei ulike delane av definisjonen: Mobbing er krenkingar som er gjentekne over tid, i tillegg til at dei skjer overfor ein underlegen part. Underlegenheit treng ikkje vere fysisk styrke, det kan til dømes vere at ein er éin mot ei gruppe.

Ved å avdekkje omfang og hyppigheit i krenkingane og styrkeforholdet mellom elevane, ser du om det barnet blir utsett for er mobbing i tråd med offisiell definisjon. Ein del føresette uttrykkjer lette når dei ser at krenkingane barnet har vore utsett for kan definerast som mobbing.

Skal ein bruke mobbeordet?

Sjølv om du avdekkjer at barnet blir utsett for mobbing, er det ikkje sikkert du skal bruke mobbeordet aktivt:

  • Dersom du bruker “myk” strategi, kan det vere enklare å få til samarbeid dersom du snakkar om skulemiljø og hendingar, framfor å bruke ord som mobbing, mobbar og mobbeoffer.

  • Dersom du bruker formell strategi kan du gjerne bruke ordet *mobbing *aktivt overfor skulen og andre instansar. Det kan vere nyttig å gå igjennom mobbedefinisjonen saman med skulen, og få etablert semje om at krenkingane barnet har vore utsett for, er mobbing i tråd med den offisielle definisjonen. Det kan bidra til å redusere bagatellisering og få i gang tiltak.

Må det vere mobbing for å kunne krevje endring?

Nei, det er nok at barnet er utsett for krenkingar. I den reviderte lovparagrafen mot mobbing, som blei vedteken i 2017, er det lovfesta ein “nulltoleranse for krenkingar”.

Les: Stopp mobbing

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.