Lag mobbefrie soner
Mobbesaka kan bli altoppslukande, og det med god grunn. Det smertar å sjå barnet ha det vondt, det er sjokkerande når skular ikkje gjer sin del av jobben og mobbinga held fram. Det er vondt når andre familiar snur ryggen til ein. I eit virvar av kjensler må ein tenkje klart for å finne dei beste løysingane for barnet. Mobbesaka kan bli det ein tenkjer på, snakkar om og jobbar med 24/7. Då er det viktig med mobbefrie soner.
Ta pausar. Vel tid der mobbesaka får liggje. Døme kan vere:
-
Denne helga skal vi ikkje snakke om mobbing. Ein kan vanskeleg hindre at ein tenkjer på mobbesaka, men det hjelper dersom det ikkje blir eit tema.
-
På denne fritidsaktiviteten snakkar vi ikkje om mobbing. Den er ei mobbefri sone.
-
I denne ferien snakkar vi ikkje om mobbesaka.
Fokuser gjerne på andre, positive aktivitetar som er uavhengige av skulemiljøet og mobbesaka. Det kan vere eit fint pusterom og sunt både for barn og vaksne.