Mobbesaker er ei belastning for heile familien
Det er ikkje berre barnet som blir ramma når mobbing går føre seg over tid — heile familien lever i beredskap. Å erkjenne det er ikkje svakheit; det er første steget for å halde saman.
Barnefamiliar er gjerne i etableringsfasen med press på både økonomi og tid. Når barnet blir mobba kan det bli ei tung tilleggsbelastning for heile familien. Vi er kjende med at mobbesaker har ført til flytting, sjukmeldingar, søvnproblem, økonomiske problem og samlivsbrot.
Søk samarbeid
I ein mobbesituasjon er det godt å vere to vaksne som kan avlaste kvarandre, forstå kvarandre og stille opp for kvarandre. Det hjelper å kunne snakke saman om mobbesaka, ein kan stille saman i møte med skulen og ha ein felles strategi for å hjelpe og støtte barnet.
Anerkjenn at situasjonen er vanskeleg og at ein kanskje ikkje oppfattar saka likt. Gi kvarandre tid. Kanskje kan du gjere noko på eiga hand, og andre ting i fellesskap. Det er viktig å støtte kvarandre og gi seg sjølv og kvarandre rom til å kome igjennom den krisa mobbing kan vere. Fortel også partnaren din / den andre føresette kor mykje støtta hans/hennar betyr for deg. Ver forståingsfull og tolmodig. Dersom den eine partnaren ikkje ser problemet like klart som den andre, treng ein kanskje berre litt meir tid.
Mange føresette samarbeider godt, sjølv om dei bur kvar for seg, det gjeld også i mobbesaker.
Avlast kvarandre
Det hender barn som blir mobba tek ut frustrasjonane sine der dei kjenner seg trygge, som heime, overfor foreldre og sysken. Når tolmodet blir sett på prøve, er det godt å vere to til å avlaste kvarandre.
Mobbing er ingen “normaltilstand”
Mobbing er ein krisesituasjon som kan vere helsefarleg, og samtidig vanskeleg å løyse. Ikkje gi opp, den skal ikkje vare evig. Jobb systematisk med saka til mobbinga er avslutta og barnet er trygt.
Les: Ta vare på deg sjølv