Foreldreguide

KapittelHjelpe barnet

1 min lesetid · Leve med mobbesak· Råd for familien

Ta vare på deg sjølv

Ei mobbesak slit på foreldra også. Søvn, arbeid og parforhold blir påverka — og barnet treng at du held. Her er det erfarne foreldre gjer for å stå i det over tid.

Du har kanskje merka det allereie: tankane som ikkje slepper taket, kveldane som går med til å formulere e-postar til skulen. Det er ikkje svakheit — det er ein normal reaksjon på å sjå barnet sitt ha det vondt over tid. Men skal du bere denne saka, må nokon bere deg også.

Som foreldre river det i hjartet å sjå barnet sitt lide. Belastninga kan auke når skulen ikkje vedkjenner seg problemet, og kanskje gjer livet endå vanskelegare for familien. Samtidig må ein vere sterk og rasjonell for barnet sitt. Mange finn lite rom til seg sjølv.

Anerkjenn at du er i ein ekstraordinært vanskeleg situasjon, der det er naturleg å kjenne seg sliten og hjelpelaus. Løvemammaer og -pappaer treng også kvile. Lag rom til deg sjølv og lad batteria.

Gjer noko anna

Gode venner deler gjerne problem og bekymringar, og det kan vere godt å snakke om mobbesaka. Prøv likevel å ikkje la alt dreie seg om mobbinga. Det kan bli utmattande for venner. For mange er det vanskeleg å forstå ei mobbesak, dersom dei ikkje har opplevd det sjølve. Dessutan kan det vere godt for deg å tenkje på noko anna.

Leve undervegs

Å sjå barnet sitt lide utan å få stansa mobbinga tærer på ein familie. Dersom ein opplever isolasjon i nærmiljøet og motstand frå skulen, kan skuffelsen bli djup og tung.

Ikkje fortvil. Det finst vegar ut av mobbinga. Stå ved barnet til mobbinga er løyst, og hugs å leve undervegs. Du treng også pausar.

Les: Lag mobbefrie soner

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.