Foreldreguide

KapittelHjelpe barnet

2 min lesetid · Leve med mobbesak· Korleis hjelpe barnet

Barnet treng støtta di som aldri før

Barn som blir mobba viser det ikkje alltid — nokre blir stille, andre «vrange» heime. Slik gir du barnet den støtta det treng no, og tida det treng til å heles etterpå.

Kanskje bebreidar du deg sjølv for ikkje å ha sett det tidlegare. Lat den kjensla sleppe taket — barn skjuler ofte mobbing, særleg for dei dei er mest glad i. Det som tel, er at du ser det no.

Det er ikkje alltid barn som blir mobba ber om hjelp eller oppfører seg som eit offer. Det er naturleg å bli lei seg, sint, frustrert og kanskje aggressiv når livet er vanskeleg. Det gjeld også barn. Tenk igjennom kor pressa barnet er, og gjer ditt beste for å vise støtte og forståing. Hjelp så barnet ut av den vanskelege situasjonen.

Mobbing kan knuse sjølvtilliten

Når eit barn blir utsett for mobbing kan det ta tid før ein oppdagar det. Mange barn kvir seg for å vise sårbarheita si for foreldra og andre rundt seg. Mange ber den tunge byrda åleine.

Nokre gonger vel skulen å peike på problem hos barnet som blir utsett for mobbing, framfor å fokusere på dei som mobbar. Det gjer livet endå vanskelegare for barnet, og kan gjere at foreldra ikkje alltid forstår kva som verkeleg går føre seg.

Dersom barnet er “vrangt” heime, kanskje med negativ åtferd overfor sysken, foreldre og andre dei er trygge på, kan det bidra til at barnet blir utsett for endå meir press og kritikk.

Når barn er utsette for mobbing treng dei den heile og fulle støtta frå familien.

Nokre kjenner skuldkjensle for at dei ikkje forstod med éin gong kva som gjekk føre seg. Lat den kjensla sleppe taket, det viktigaste er at du ser barnet no, og støttar 100%.

Det er ikkje alltid barna våre forstår kor høgt vi elskar dei, og kor inderleg vi vil hjelpe. Dette kan vere eit godt tidspunkt til å seie det med reine ord. Når barnet kjenner den fulle støtta di, midt i den hardaste kampen i livet sitt, kan det gi foreldre-barn-band som er verdifulle vidare i livet.

Langtidseffektar

Barn som mobbar kan raskt gløyme krenkingane dei har utsett andre for, medan den som blei ydmjuka og krenkt kan kjenne på det lenge. Nokre gonger livet ut.

Timar, dagar og år kan gå med til å oppleve krenkingane på nytt, gruble over dei og kjenne frykt. Ver tolmodig, også etter at mobbinga har teke slutt. Gi barnet tid til å heles.

Søk profesjonell hjelp dersom det er nødvendig. Det finst mellom anna tilbod om traumebehandling. Kontakt gjerne fastlegen for råd, og eventuelt tilvising til profesjonell hjelp. Ein kan også rådføre seg med BUP.

Les: Dominerer skulen også fritida? Då kan det vere lurt å vurdere alternativ

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.