Kjenn rettane dine
Med myk strategi byggjer vi alliansar i foreldregruppa og samarbeider konstruktivt med skulen. Vi bruker “snille” ord og fokuserer på positive endringar. Det forandrar ikkje det faktum at mobbing er ulovleg og kan vere straffbart.
Kjenn rettane til familien og barnet og kva formelle verkemiddel ein kan bruke. Det går fram i neste kapittel.
Det er viktig å ikkje verke truande eller lage ein dårleg atmosfære, men sjå om det finst rom for å la skulen få vite at du er godt kjend med både lovverk, verkemiddel og mogleg veg vidare. Vi har erfaring med at det kan bidra til å få progresjon i å implementere positive miljøtiltak. Mange skular føretrekkjer å unngå klagesaker hos Statsforvaltaren, ankesak hos Utdanningsdirektoratet, politimelding og konfliktrådet. For ikkje å snakke om media.
Les om formell strategi: Opprett mobbesak