Møte med skulen
Det er heilt normalt å grue seg til dette møtet. Du går inn som part i di eiga sak, med det kjæraste du har som tema. God førebuing gjer deg rolegare — og møtet betre.
Vi får ein del førespurnader frå familiar som førebur seg til møte med skulen.
Det kan høyrast enkelt ut å gå i møte med skulen, men i praksis kan det vere vanskeleg av fleire grunnar;
-
Kjenslene er sterke fordi barnet har det vondt.
-
Dei fleste foreldre manglar erfaring med denne typen møte, samtidig som trivselen og helsa til barnet kan stå på spel. Det kan gjere situasjonen anspent.
-
Dersom skulen har vist motvilje mot å erkjenne at det førekjem mobbing, kan ein føle seg usikker på korleis ein skal gå fram.
-
Dersom ein sjølv har vore utsett for mobbing, kan kjenslene vere ekstra sterke. I nokre tilfelle kan ein risikere å overreagere dersom ein sjølv har svært dårlege erfaringar med skulen. Minn deg sjølv på at dette gjeld barnet ditt, ikkje deg. Sjå saka så objektivt du kan.
Kjende fallgruver for skulemøte er:
-
Skulen bagatelliserer mobbinga.
-
I enkelte tilfelle kan familien oppleve truslar.
-
Referatet etter møtet stemmer ikkje med det som blei sagt i møtet.
-
Kjenslene er sterke og det er lett å kome i affekt.
-
Viktige forhold blei ikkje tekne opp i møtet.
-
Skulen lovar å ta opp mobbinga med familiane til barn som mobbar, men i praksis skjer det ikkje.
-
Skulen lovar å setje i verk tiltak mot mobbinga, men etter møtet uteblir tiltaka, eller dei blir gjennomførte halvhjarta og blir utan effekt.
-
Møtet manglar ein oppfølgingsplan.
Med gode førebuingar aukar sannsynet for eit godt møte som gir progresjon i saka.