Foreldreguide

KapittelSamarbeid med skulen

1 min lesetid · Juridiske verkemiddel· Stopp mobbing· Møte med skulen

Kan nokon hjelpe til i møtet med skulen?

Ein ekstern støtteperson — ein med erfaring frå mobbesaker eller juridisk kompetanse — kan førebyggje bagatellisering og gjere det lettare å halde fokus på sak og løysing.

Å få med ein ekstern person i møtet kan førebyggje truslar og bagatellisering, og bidra til korrekt referat og gode tiltak.

Foreldra er i ein vanskeleg og sårbar situasjon når barnet har det vondt, og ein er avhengig av skulen for å få løyst problemet. For dei fleste er det ein uvant situasjon.

Hjelparen kan vere ein med erfaring frå mobbesaker, eller med juridisk kompetanse. Ein hjelpar vil ikkje vere like emosjonelt påverka som foreldra, noko som kan gjere det enklare å fokusere på sak og løysing.

Dersom ein får medhald hos Statsforvaltaren, kan ein søkje om å få refundert utgifter som har gått med til klagesaka, mellom anna advokatutgifter. (Retten til dekning av sakskostnader har følgt av forvaltingslova § 36; gjeldande heimel etter innføringa av ny forvaltingslov er ikkje verifisert per juli 2026 — til juridisk avklaring i FOMIS.)

Les: Referatet stemmer ikkje med møtet

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.