Kan ein klage til kommunen?
Kommunen er ikkje formell klageinstans i mobbesaker, men ein kan likevel vurdere å klage til kommunen.
Politisk og administrativ leiing i kommunen har interesse av at skulane har godt læringsmiljø:
-
Kommunen er eigar av offentlege barneskular og ungdomsskular i kommunen, og risikerer bøter dersom læringsmiljøet ikkje er i tråd med krava i lova.
-
Politikarane i kommunen er valde for å ta vare på innbyggjarane i kommunen, inkludert retten barna har til trygg skulegang.
-
Politikarar og administrasjonen i kommunen er opptekne av at kommunen framstår positivt utetter, og ønskjer sjeldan at kommunen blir profilert med mobbesaker.
Enkelte kommunar har eigne ombod, trygg-kontaktar og tverrfaglege team som kan bistå i mobbesaker. I små kommunar hender det at leiinga ved skulen har tett kontakt med personar i sentrale stillingar i administrasjonen, politikken og justisapparatet i kommunen. Det kan føre til at mobbesaka blir kjend primært frå perspektivet til skulen. Familien kan gjerne oppsøkje ansvarlege i kommunen med dokumentasjon på mobbesaka, og få fram opplevinga til familien. Kommunen kan bidra med uformelt press overfor skulen. Forhåpentlegvis kan det bidra til mindre bagatellisering og ei betre forståing av situasjonen, slik at eigna tiltak blir sette i verk og mogleg isolasjon/stigma blir førebygd.