Viktig ved skulebyte
Send klaga før skulebyte
Mange familiar flyttar raskt barnet til ein annan skule i mobbesaker. Det kan ofte vere ei god løysing, men familien bør uansett sende klage til Statsforvaltaren *før *flytting. Dersom barnet byter skule på grunn av mobbing, skal klageretten haldast ved lag, men vi er kjende med at saker kan bli avviste av Statsforvaltaren dersom dei gjeld ein annan skule enn den barnet går på når ein sender klaga.
Hospiter på annan skule
Dersom det er nødvendig med strakstiltak for å tryggje barnet, men ein ikkje ønskjer å byte skule, kan ein be om at barnet hospiterer ved ein annan skule, medan saka blir behandla og eigna tiltak blir sette i verk. Ved hospitering held ein på klageretten sin. Opplys gjerne om dette i klaga til Statsforvaltaren.
Vurder å klage uansett ved skulebyte
Dersom ein byter skule på grunn av mobbing og ikkje ønskjer å flytte barnet tilbake, kan det likevel vere fornuftig å klage til Statsforvaltaren, fordi:
-
Ei klage dokumenterer mobbeproblemet. Når barnet skal over til ny skule, som ungdomsskule eller VGS, kan ein risikere å møte elevane ein bevisst flytta frå. Det same gjeld dersom det skulle vere skulesamanslåing, eller dersom barnet av andre grunnar kjem til same elevgruppe. Vi har fleire gonger sett at barn som har vist stor framgang etter at dei kom bort frå eit negativt miljø, får kraftig tilbakefall når dei møter elevar som har krenkt dei. Klaga kan bli viktig dokumentasjon for å hindre at barn kjem i gruppe med barn som har mobba.
-
Ny skule løyser ikkje alltid problemet. Rykte og stigma kan ha spreidd seg, slik at mobbinga held fram på ny skule. Den nye skulen ligg gjerne lenger unna med lang reiseveg, ukjent miljø, ingen klassekameratar i nærmiljøet o.l. Praktiske utfordringar kan gjere det ønskeleg å byte tilbake. Det er derfor viktig at skulen tek tak i miljøproblema, slik at barnet kan flytte tilbake. Klaga kan bli viktig dokumentasjon for å hindre at barnet blir sett i same gruppe som barn som mobba, og kan generelt bidra til at behova til barnet blir tekne på alvor, dersom barnet kjem tilbake til skulen.
-
Flytting løyser ikkje miljøproblemet på skulen barnet flyttar frå. Ei klage kan starte ein nødvendig prosess med å løyse miljøproblema på skulen. Dersom eit barn som blir mobba flyttar, vil ofte andre barn bli utsette for det same etter at den utsette eleven har flytta. Det er viktig at skulen tek tak i problema, av omsyn til heile elevgruppa.