Foreldreguide

KapittelJuridiske verkemiddel

1 min lesetid · Juridiske verkemiddel· Stopp mobbing· Bruk av rettsapparatet

Kva kan politiet gjere?

Politiet kan ta alvorspraten, spore opp «anonyme» kontoar ved digital mobbing og markere alvor overfor alle partar — sjølv når saka ikkje endar med straff.

Den kriminelle lågalderen i Noreg er 15 år. Ved vald, truslar og digital mobbing kan ungdom haldast strafferettsleg ansvarlege frå så ung alder, men i praksis har politiet få verkemiddel overfor ungdomskriminelle. Ei politimelding kan likevel ha positiv effekt.

Ein del politikammer har spesialistar på ungdom med problemåtferd. Politiet kan ta ein alvorsprat med ungdom som utøver vald og truslar, gjerne saman med dei føresette deira.

Politiet kan kome i møte på skulen og informere om tema som er knytte til mobbing, gjerne overfor både føresette og elevar. Føresette kan til dømes arrangere eit slikt møte, i samarbeid med klassekontaktar, FAU og leiinga ved skulen.

Mange politikammer har effektive verkemiddel mot digital mobbing. Dei kan i nokre tilfelle finne ut kven som står bak “anonyme” kontoar og ileggje bøter.

Når politiet kjem på banen, understrekar det alvoret i saka, både overfor skule, barn som mobbar og familiane deira.

Les: Politimelde saker kan bringast inn for Konfliktrådet

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.