Politimelde saker kan bringast inn for Konfliktrådet
Ved vald og truslar kan politiet sende saka til konfliktrådet, som sjølv oppgir mobbing blant dei typiske sakene politiet sender over (sjå Spørsmål og svar hos Konfliktrådet)
Terskelen for å få saker til Konfliktrådet skal vere låg og meklinga er frivillig, men Konfliktrådet er ein rettsinstans og har betydning.
Det er viktig å skilje mobbing og konflikt, og nokre motset seg av den grunn bruk av Konfliktrådet. Dersom mobbing blir behandla som konflikt, kan det forverre situasjonen for barn som er utsette for mobbing. Konflikt føreset ei jambyrdigheit, medan mobbing er prega av mangel på det.
Ein del stader lykkast Konfliktrådet i å få fram situasjonen til det mobba barnet, og får til gode løysingar. Konfliktrådet kan korrigere åtferda både til unge som utøver mobbing, og skular som ikkje tek mobbing på alvor. At saka er politimeld, og blir behandla i ein rettsinstans, kan få fram alvoret i mobbinga og verke preventivt mot vidare mobbing.
Undersøk gjerne kompetansen og praksisen til det lokale konfliktrådet. Dersom dei handterer mobbesaker på ein god måte, kan det vere ei god løysing å bringe saka inn for konfliktrådet.