Foreldreguide

KapittelJuridiske verkemiddel

1 min lesetid · Juridiske verkemiddel· Stopp mobbing· Bruk av rettsapparatet

Når bør du politimelde?

Ved vald og truslar bør politimelding vurderast. Eit nyttig kontrollspørsmål: Kva ville du gjort dersom du sjølv blei utsett for det same?

Mange foreldre kvir seg for å blande politiet inn i noko som skjer mellom barn. Nølinga er forståeleg — men rettsvernet til barnet skal ikkje vere svakare enn ditt eige.

Mange kvir seg for å gå til politiet. Foreldre kan tenkje at politiet har andre, og viktigare, oppgåver å bruke ressursane sine på. Ein del mobbesaker inkluderer vald og truslar, og utgjer ein klar helsefare for barnet. Då bør ein vurdere politimelding.

Kontrollspørsmål

Dersom du er i tvil om du skal melde, kan du stille deg følgjande kontrollspørsmål; - Kva ville eg gjort, dersom eg blei utsett for dette?

For mange er svaret opplagt, dei hadde politimeldt trakasseringa/valden. Dersom det er tilfelle, blir eit naturleg oppfølgingsspørsmål; -*skal rettsvernet til barnet mitt vere dårlegare? I så fall kvifor, fordi det er eit barn? *

Spørsmåla er retoriske, men talande. Samfunnet kan i mobbesaker vise ei underleg evne til å godta urett mot barn som ein aldri hadde akseptert mot vaksne. Slik skal det ikkje vere.

Kven kan ein politimelde?

Familien kan politimelde barn som mobbar, føresette til barn som mobbar, skuletilsette som ikkje stoppar mobbing og eigarar av skular der det skjer mobbing.

Les: Politiet henlegg ofte mobbesaker

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.