Foreldreguide

KapittelBruk av media

1 min lesetid · Juridiske verkemiddel· Stopp mobbing· Bruk av media

Anonymiser og korrekturles oppslag

Familien kan vere anonym i media, og de bør alltid be om å lese oppslaget før publisering. Fleire familiar saman gir truverd og betre anonymitet.

Familien og barnet kan velje å vere anonyme. Vi har gode erfaringar med medieoppslag som er anonymiserte. Dei frivillige våre kan om ønskjeleg delta i medieoppslag, og uttale seg på vegne av familien.

Be om å få korrekturlese teksten før publisering. Det er ofte nyttig for å kvalitetssikre innhaldet og sikre anonymitet.

Dersom det er fleire foreldre som opplever dei same problema, kan ein gå saman i møtet med pressa. Det gir truverd og reduserer risikoen for identifisering av barn og enkeltfamiliar. Ei overskrift kan til dømes vere; “FAU er bekymra for mobbing ved skule xx”.

Les: Bruk av bloggar og sosiale medium

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.