Bruk av bloggar og sosiale medium
I dag kan ein publisere mobbesaker sjølv, via bloggar og sosiale medium. Nokre gonger får innhaldet stor spreiing og stor effekt, men det er fleire grunnar til at ein bør tenkje seg om.
Eit døme på konstruktiv bruk av blogg i ei mobbesak, er bloggen til Line Sommer Hoel. Han bidrog truleg til at ho nådde fram i erstatningssaka si. Line var svært sjuk då ho opplevde det mange vil seie var maktmisbruk frå kommunen si side. Bloggen var måten hennar å bli høyrd på. Vi er likevel varsame med å tilrå blogging og deling på sosiale medium. Det gjeld både barn som bloggar sjølve, og vaksne som bloggar om barna sine eller deler personleg informasjon på sosiale medium.
Dei vaksne må vareta personvernomsyn for barnet. Dersom barnet vil blogge sjølv, bør dei hjelpe til med å rettleie barnet slik at det dei legg ut ikkje er til ulempe for barnet, no eller i framtida. Dei føresette bør sterkt vurdere å fråråde barnet å blogge.
I hovudsak frårår vi å dele personlege opplysningar på nettet. Håpet er at mobbesaka snart er eit minne, medan informasjon på nettet kan bli liggjande for alltid.