Moglege negative sider ved medieoppslag
Makta til media er stor. Når aviser, radio eller tv tek tak i mobbesaka, kan ein i nokre saker merke ei 180 graders dreiing hos dei ansvarlege; frå bagatellisering til handling. Forvandlinga, frå å kjenne seg maktesløs, til å sjå at rette grep blir tekne, kan vere total. Mange opplever ei oppreising når media eksponerer urett, og ansvarlege personar bed om orsaking. Trass i desse positive effektane er vi varsame med å tilrå eksponering i media.
-
Eksponering i media kan gi skulen ei negativ innstilling til familien. Når ein avdekkjer svakheiter og urett gjort av skule og skuleeigar, kan familiar med barn på same skule eller i same nærmiljø kjenne ubehag. Dei kan vere ukjende med problema, og meine at familien (urettmessig) heng ut skulen i media. Slike reaksjonar kan gjere familien isolert i nærmiljøet sitt.
-
Ver varsam med å identifisere barnet. Dersom nokon googlar namnet til barnet, kan mobbesaka kome opp, lenge etter at livet består av heilt andre ting enn mobbing. Spør; kva vil barnet som 25-åring ønskje at ein ny kjærast, eller potensiell arbeidsgivar, skal finne når dei googlar namnet til barnet?
-
Barn er ikkje myndige, det er ansvaret til dei føresette å vise varsemd på vegne av barnet.
-
Media vil vanlegvis snakke med dei ulike partane som er involverte i saka. Det er difor ikkje sikkert at saka blir profilert berre slik familien opplever henne.
Skulebyte, og eventuell flytting, kan gjere det enklare å gå til media.