Bruk av bandopptakar
Dette er eit aktuelt tema for mange. Opptak kan vere verdifull dokumentasjon, men har ein lov til å ta bandopptak? Kva med skjulte opptak? Du kan ta opptak under gitte føresetnader, følg desse retningslinjene.
Det er strengt forbode å ta opptak av samtalar ein sjølv ikkje er del av. Når det gjeld samtalar med skulen i mobbesaker, der ein sjølv deltek, er det lov å ta opptak.
Korleis ta opptak?
Ein kan enkelt ta opptak med ein vanleg smarttelefon. I byrjinga av møtet kan ein til dømes opplyse at ein har blitt tilrådd å ta opptak av dokumentasjonsomsyn. Familien kan gjerne vise til at dei har fått råd i denne guiden om å ta ope opptak.
Ope opptak
Skuletilsette og andre deltakarar i prosessen kan bli provoserte av at de ønskjer opptak, men dersom ein ikkje har noko å skjule, bør ikkje opne opptak vere eit problem. Journalistar bruker til dømes opptak rutinemessig. Opptak er ein viktig del av dokumentasjonen, særleg dersom det blir klagesak, eller dersom det blir nødvendig med oppreisning eller erstatning på grunn av seinskadar etter mobbing.
Dersom det er greitt med opptak, kan ein leggje telefonen synleg på bordet og starte opptaket. Få med på opptaket at deltakarane er kjende med, og godtek, at det blir teke opptak.
Skjult opptak
Det er lov å ta skjult opptak når ein sjølv deltek i samtalen. Det er fleire ting å ta omsyn til når ein vurderer skjult eller ope opptak:
-
Sjølv om skjult opptak er lovleg, meiner mange det er uetisk.
-
Ope opptak kan ha ein preventiv effekt, til dømes vil gjerne referatet stemme betre med møtet, bagatellisering kan bli redusert og møtet kan bli meir handlingsretta. Desse potensielle fordelane haustar ein ikkje ved skjulte opptak.
-
Ope opptak signaliserer at ein tek situasjonen på alvor. Dersom familien viser til at dei gjer dette etter råd frå oss, viser dei at dei har undersøkt rettane sine. Det kan bidra til at skulen tek familien meir på alvor.
-
Opptak kan som hovudregel brukast som bevis i retten, òg om opptaket er gjort utan å informere. Når det gjeld klage til Statsforvaltaren eller kommunen, møter ein ikkje dei strenge beviskrava i retten. Vi er likevel kjende med at journalistar og statsforvaltarkontor har avvist skjulte opptak som dokumentasjon.
-
Vi er kjende med at skular har nekta å gjennomføre møtet dersom det blir teke opptak. Dersom skulen set seg imot ope opptak og det går føre seg lovbrot, kan eit alternativ vere å ta skjult opptak, føresett at ein sjølv deltek i møtet. Skjulte opptak kan vere eigna til å dokumentere maktmisbruk og truslar.