Dokumenter alt
Kvifor er dokumentasjon viktig?
Dersom skulen tek mobbing på alvor, blir ho som regel løyst, og du ville truleg ikkje lese denne guiden. Problema oppstår gjerne der mobbing blir bagatellisert og familien ikkje blir høyrd. I slike tilfelle er det viktig å ha dokumentasjon på mobbinga.
Med dokumentasjon blir det vanskelegare for skulen å avvise saka. God dokumentasjon har òg stor betydning dersom saka går vidare til klagehandsaming, politimelding, konfliktråd, rettssak og/eller media.
I denne guiden vil du finne to hovudstrategiar mot mobbing; den første er myk framgangsmåte med fokus på samarbeid med foreldre og skule, den andre fokuserer på rettar og formelle verkemiddel. Vi tilrår å samle dokumentasjon, uavhengig av kva for ein strategi du byrjar med.
Lag ei mappe
Opprett ei fysisk og/eller elektronisk mappe og ta vare på all dokumentasjon som er relatert til mobbinga.
Detaljar har betydning
Mobbing er krenkingar gjentekne over *tid. *Den enkelte krenkinga kan verke bagatellmessig, men dokumenter henne like fullt. I sum kan dei vise eit mønster som gir ei forståing av kva barnet blir utsett for.
Døme på dokumentasjon kan vere:
-
Ta bilete av skadar.
-
Dokumenter hendingar med ein logg der du noterer dato, tid, stad og deltakarar. Dersom det er føremålstenleg, kan du be om stadfesting frå andre som var til stades.
-
Før logg med barnet sine eigne opplevingar, og utsegner barnet kjem med.
-
Få skriftleg dokumentasjon når det er mogleg; til dømes frå lærarar, andre føresette, lege og eventuelt andre involverte.
-
Ta vare på alle dokument.
-
Vurder bandopptak.
-
Dokumentasjon frå fagpersonar har tyngd. Få legeattest for å dokumentere skadar av mobbinga.
-
Kommuniser skriftleg med skulen og arkiver all korrespondanse.
-
Ver merksam på at også skulen kan dokumentere nøye. Alt du seier, gjer og skriv kan bli registrert, og kan bli brukt mot deg dersom du handlar i affekt eller på ein måte som kan oppfattast som kritikkverdig.
Hald ein korrekt og høfleg tone
Det er ulovleg å la barn bli mobba i skulen, og når du tek tak i ei mobbesak, kan det hende du eksponerer lovbrot som inneber eit strafferettsleg ansvar for leiinga og eigaren av skulen. Leiinga ved skulen kan kjenne seg trua, og det er ikkje uvanleg at skular svarar med å bagatellisere klaga og til og med kan gå til åtak på familien og truverdet deira.
Hald hovudet kaldt, og skriv på ein slik måte at alle kan lese det du skriv, og framleis ta familien alvorleg. Framtidige lesarar kan vere andre foreldre, Statsforvaltaren, kommunetilsette, politi, advokatar og journalistar.
Dette er lettare sagt enn gjort, kjenslene er sterke når barnet har det vondt og dei ansvarlege ikkje gjer jobben sin. Prøv likevel. Skriv teksten, lat han liggje litt, les han så høgt, gjerne for partnaren din, og gjer rettingar før du sender han. Føy til vanlege høflegheitsfrasar.
Les: Bruk av bandopptakar