Foreldreguide

KapittelPraktiske verktøy

1 min lesetid · Anna

Skal ein tvinge barnet på skulen?

Nei — helsa til barnet går først. Men undervisningsplikta står ved lag, så gjer det ryddig: hospitering, legeerklæring og samarbeid om undervisning heime.

Mobbing kan føre til skulevegring, skal ein tvinge barnet til å gå på ein skule der det blir utsett for mobbing? Svaret er nei. Helsa til barnet må alltid gå først. Vi har ikkje skuleplikt, men vi har undervisningsplikt. Det er dei færraste som kan gi barnet heimeundervisning, så undervisningsplikt betyr i praksis ofte skuleplikt. Dersom barnet ikkje får lovpålagd undervisning, er det viktig å søkje profesjonell hjelp:

  • Jobb aktivt for at barnet får oppfylt retten sin til trygg skulegang, slik at barnet raskast mogleg kan få oppfylt undervisningsplikta si.

  • Søk hospitering på ein annan skule dersom barnet ikkje bør/vil gå på skulen på grunn av mobbing.

  • Skaff legeerklæring dersom undervisningsplikta ikkje kan oppfyllast på grunn av mobbing. Snakk med fastlegen om eventuell behandling, kunnskap om behandlingstilbod eller tilvising til spesialist.

  • Snakk eventuelt med BUP for å få tilbod om behandling og førebyggjande hjelp.

Vi er kjende med at familiar som held barnet heime frå skulen på grunn av mobbing, kan bli meldt til barnevernet. Sjå eige avsnitt om når barnevernet blir brukt som pressmiddel i mobbesaker. Søk i slike tilfelle eit positivt samarbeid med barnevernet for å få løyst mobbeproblema i skulen.

Det er viktig å ikkje halde barnet heime for å “straffe skulen”, vi må alltid ha det beste for barnet som mål. Dersom barnet mistar undervisning og blir liggjande fagleg etter, blir det ei tilleggsbelastning for barnet. Det er lite grunn til å tru at skulen opplever barnet sitt tap av undervisning som ei “straff”, særleg dersom dei er lite villige til å sjå mobbeproblema og setje inn eigna tiltak.

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.