Ny! Stopp digital mobbing
Digital mobbing er eit stort og aukande problem. Tidlegare kunne barn som opplevde mobbing ha fristaden sin heime. I dag kan barn med mobiltelefon bli utsette for krenkingar, alle stader, nærmast døgnet rundt. Digital mobbing er i stor grad eit uløyst problem, men det finst nokre retningslinjer og verkemiddel.
Kven har ansvaret?
Har skulen ansvar for mobbing som skjer på Facebook i fritida til barnet? Skuletilsette kan finne det urimeleg og vanskeleg å løyse. Ansvaret er ikkje eintydig, men skulen har ofte eit ansvar. Studiar viser at digital mobbing ofte er ei utviding av mobbinga barnet blir utsett for på skulen. Dersom den digitale mobbinga har utgangspunkt i sosiale grupper som er danna på skulen, har skulen ansvaret for å stoppe henne.
Kva kan skulen gjere?
Skulen har ei rekkje ressursar til rådvelde for å stoppe mobbing, det inkluderer digital mobbing. Dei kan undersøkje hos Utdanningsdirektoratet, Statsforvaltaren og dei som tilbyr godkjende mobbeprogram. Vi vil likevel nemne nokre gunstige tiltak.
Ved utbrot av digital mobbing kan skulen bruke høvet til å auke kompetansen både hos elevar, tilsette og føresette. Vi tilrår skuleprogrammet Bruk Hue, som formidlar ansvar og risiko ved digital mobbing til elevane. (Den gamle nettsida til kampanjen er lagd ned; programmet blir drive i regi av Telenor — skulen kan søkje opp «Bruk Hue» for gjeldande tilbod.) Gode ressursar finst også hos Medietilsynet.
Mange elevar er ikkje klar over kor sårande digital mobbing kan vere, eller kva straffeansvar det kan innebere. Mange føresette veit lite om barna sin bruk av digitale verktøy.
I enkeltsaker kan skulen samarbeide med politiet. Digital mobbing er straffbart og blir teke på alvor ved mange politikammer. Mobbing etterlèt ofte digitale spor. For å spore opphavet til “anonym mobbing” må ein melde forholdet til politiet.
Kva kan familien gjere?
Dersom barnet blir utsett for digital mobbing, treng barnet hjelp. Set deg gjerne inn i kva det inneber, sjå ressursar frå Læringsmiljøsenteret ved UiS og Medietilsynet. Ved behov for å fjerne bilete eller innhald på nett hjelper slettmeg.no gratis.
Forsøk å få til eit samarbeid med skulen. Er fleire barn utsette for det same? Kan ein løyse problemet som eit skulemiljøproblem og unngå å kome i ein anspent situasjon med skulen? Det er ofte ei betre løysing for familien og for barnet.
Dersom barnet og familien ikkje får hjelp, kan ein melde saka til politiet. Mange tek digital mobbing på alvor. Media kan også vere opptekne av digital mobbing.
Les meir under Juridiske verkemiddel og Bruk av media.
Skal ein forby mobil på skulen?
Fleire skular har valt å forby mobiltelefon i skuletida. Dersom ein forbyr mobil på skulen, hindrar ikkje det digital mobbing av barn i fritida.
Internett og digitale verktøy er viktige for kommunikasjonen og læringa til barn. Vi er usikre på om den rette strategien er å forby mobil. Vi i Foreningen Mobbing i Skolen har likevel ikkje teke eit offisielt standpunkt om dette.