Foreldreguide

KapittelPraktiske verktøy

1 min lesetid · Stopp mobbing

Korleis forbetre skulen?

Skular som står fast, kan få hjelp: Læringsmiljøprosjektet, kommunale beredskapsteam og ressursane til Utdanningsdirektoratet. Tips skulen om moglegheitene.

Nokre skular er usikre på korleis dei skal gå fram for å betre skulemiljøet. Det finst ei rekkje ressursar som skulen kan bruke.

Læringsmiljøprosjektet viser svært lovande resultat, skular kan søkje om å få vere med i dette prosjektet. Les meir hos Læringsmiljøsenteret.

Fleire kommunar har etablert beredskapsteam med tverrfagleg miljø som kan bistå i mobbesaker. Undersøk gjerne om kommunen eller fylket har eit slikt team. Kanskje kommunen eller fylket har ein trygg-kontakt, eit føretrekt mobbeprogram, eit mobbeombod eller andre relevante tilbod.

Utdanningsdirektoratet har oversikt over ulike ressursar mot mobbing, som mellom anna tilrådde mobbeprogram og team som kan bistå skulane. Det blir gitt økonomisk støtte ved bruk av godkjende program. I Noreg har vi to av dei leiande forskingsmiljøa i verda mot mobbing; Læringsmiljøsenteret ved UiS (Universitetet i Stavanger) og Olweussenteret ved UiB (Universitetet i Bergen). Skulen kan kontakte Utdanningsdirektoratet for rettleiing.

Skulen kan søkje råd hos Statsforvaltaren, som kan gi rettleiing i løysing av mobbesaker.

Føresette kan kome med forslag til å løyse miljøproblema, men har ikkje rett til å bestemme kva for tiltak som blir sette i verk. Den lovfesta retten til barnet er retten til eit godt og trygt skulemiljø.

Les: Følg opp til endringane har vart over tid

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.