Foreldreguide

KapittelMyk strategi

3 min lesetid · Myk strategi· Stopp mobbing· Kvifor velje myk strategi?

Å varsle om mobbing kan få dramatiske konsekvensar

Familiar som varslar om mobbing kan møte bagatellisering og offerklandring. Å kjenne mekanismane på førehand er det beste vernet mot dei.

Dette er ei av dei tyngste sidene i guiden, og vi hadde ikkje skrive henne dersom ho ikkje var viktig. For dei fleste blir det aldri så vanskeleg som det som blir skildra her — men å vite kva som kan møte deg, gjer deg betre rusta.

Familiar som rapporterer om mobbing kan i enkelte tilfelle oppleve ein situasjon som kan ramme varslarar. Dei fleste ønskjer å sjå skulen sin, nærmiljøet og kommunen i eit positivt lys. Skulen, andre føresette, byråkratane og politikarane i kommunen kan ha ein tendens til å bagatellisere mobbing. Dersom problemet ikkje blir anerkjent, kan vegen vere kort til å leggje skulda på det utsette barnet og familien. Desse mekanismane kan bidra til at familiar blir isolerte i nærmiljøet, samtidig som problema for barnet held fram, og til og med kan bli verre.

For nokre familiar blir konsekvensane så store at dei byter skule, seier opp jobben, sel bustaden og flyttar. Dette er djupt urettferdig. For nokre er denne opplevinga så sterk, at dei startar ein årelang kamp for å vinne fram i systemet.

Vi ser dette i altfor mange saker, og kan ikkje understreke nok kor vanskeleg det kan bli å kome i ein varslarposisjon.

Tendens til å skulde på offeret

Vi har sett mange tilfelle av motarbeiding, isolering og stigmatisering av familiar som kjempar mot mobbing. Det er djupt urettferdig og dei færraste trur det kan skje, før dei eventuelt opplever det sjølve. Fenomenet er likevel så vanleg at det har fått eit namn; det blir kalla “victim-blaming”, eller offerklandring på norsk.

Korleis kan det skje?

Forsking tyder på at jo meir uskuldig offeret er, jo sterkare kan tendensen vere til å klandre offeret. Faktisk kan trua vår på eit rettferdig samfunn gjere det vanskeleg å innsjå at offeret kan vere heilt uskuldig. Dersom vi trur verda er rettferdig og at urett ikkje rammar oss sjølve, kan det bidra til at empatien vår blir svekt. Sjå “Anti-transgender prejudice mediates the association of just world beliefs and victim blame attribution” og “The Psychology of Victim-Blaming”.

Kven er meir uskuldig enn ein 6-åring som knapt er større enn skulesekken og kjem knust heim etter skuledagen sin?

Vi nemner desse mekanismane i eit forsøk på å forstå problema familiane kan oppleve, slik at vi kan gi råd som gir færrast mogleg negative konsekvensar for barnet og familien. Det betyr ikkje at vi aksepterer at det er slik. Vi jobbar aktivt for openheit om mobbing, slik at bagatellisering og utfrysing blir noko som var.

Mobbing er ikkje ein skule-heim-konflikt

Mobbesaker blir ofte omtalte som skule-heim-konflikt, men ordet konflikt føreset at det er ein maktbalanse mellom skule og heim. Det er ikkje tilfelle i mobbesaker. Skulen har ansvaret for barnet store delar av dagen, og har nærvær, kompetanse og autoritet til å stoppe krenkingar når dei skjer. Foreldra er ikkje til stades, og er fysisk hindra frå å verne barnet sitt.

Vi kjenner til saker der skuletilsette har gjort skuledagen vanskeleg for barn av foreldre som klagar. Det gir ei oppleving av sårbarheit og hjelpeløyse.

For familien kan mobbinga påverke skuletid, jobbtid og all fritid. Det kan føre til bekymringar, endelause diskusjonar, søvnmangel, sjukmelding og samlivsproblem. Dei skuletilsette jobbar med saka i arbeidstida si, og kan tenkje på andre ting når dei går heim.

Maktubalansen mellom skule og heim kan illustrerast med eit lovforslag frå Djupdalutvalet i utgreiinga NOU 2015:2. Utvalet føreslo ein eigen lovtekst med forbod mot gjengjeldingar (Kapittel 15.15). Dette forslaget blei dessverre ikkje implementert då lovverket blei endra i 2017, men det er talande at utvalet såg behovet for forbodet.

Familien er den svake parten i mobbesaker. Les: Når saka har gått for langt

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.