Foreldreguide

KapittelMyk strategi

1 min lesetid · Myk strategi· Stopp mobbing· Kvifor velje myk strategi?

Kva er 'myk strategi'?

Myk strategi går laus på mobbinga som eit miljøproblem i klassen eller på skulen — ikkje som ein konflikt om enkeltbarn. Målet er eit samarbeid som stoppar mobbinga utan at familien blir ståande åleine.

Ved myk strategi fokuserer vi ikkje på det enkelte barnet, men på mobbinga som eit miljøproblem. Det kan vere eit problem på skulen, i klassen, på andre trinn eller i grupper i klassen.

Målet er å få til eit samarbeid som set i gang tiltak som løyser miljøproblemet ved skulen, som i sin tur stoppar mobbinga av barnet.

Ved å sjå på den negative åtferda som eit miljøproblem, kan det bli lettare å finne løysingar i fellesskap, og den enkelte familien treng ikkje bere belastninga åleine.

Les: Å varsle om mobbing kan få dramatiske konsekvensar

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.