Når saka har gått for langt
Nokre gonger har mobbesaka gått så langt at det ikkje lenger er tilstrekkeleg med myke verkemiddel. Er helsa til barnet i fare, må det takast grep.
Søk alliansar sjølv om du tek i bruk formelle verkemiddel
Meld inn mobbesaka, start samarbeidet med Statsforvaltaren og få eventuelt advokatbistand, som skildra i neste kapittel. Parallelt kan du ta i bruk myke verkemiddel. Bygg alliansar med andre foreldre, lat opplevinga til familien bli kjend i nærmiljøet og gjer det du kan for å førebyggje potensiell stigmatisering og isolasjon.
Bli likt eller respektert?
For dei fleste av oss er det viktig å bli likt. Når vi tek i bruk formelle verkemiddel, kritiserer vi skuletilsette og -eigar for lovbrot. Det blir ein ikkje nødvendigvis populær av.
Ved å jobbe sakleg og systematisk for å redusere mobbinga, med dei juridiske verkemidla vi har til rådvelde, kan den manglande populariteten erstattast med auka respekt.
Blir ein mindre likt, men meir respektert, kan det vere ei endring som gir resultat og er verd ubehaget.
Les om myk strategi: Samarbeid med foreldre
Les om formell strategi: Opprett mobbesak