Gjennomføring av møtet
Her er råd for å førebyggje fallgruvene, og få gjennomført eit godt møte med skulen:
Mål Førebuing og gjennomføring av møtet
Samarbeid i familien Er ein to føresette, er det verdifullt dersom ein kan samarbeide. Førebu møtet saman, og gå i møtet med ein felles plan.
Førebu møtet Lag ein agenda. Noter på førehand kva som skal takast opp og kva oppfølging ein ønskjer. Er ein to, kan ein avtale kven som seier kva, slik at ein står samla i møtet. Ha klar argumenta på førehand. Tren på å vere tydeleg, og samtidig sakleg og roleg. Det aukar sannsynet for å bli teken på alvor og få i gang tiltak.
Unngå affekt Ver aldri usakleg eller truande. Det kan svekkje eiga sak og bli brukt mot familien. Tren gjerne ved å seie dei kjenslemessig vanskelege tinga høgt på førehand.
Dokumenter mobbinga Dokumenter mobbinga så detaljert og sakleg som mogleg. Ta med dokumentasjon på mobbinga. Ta med den formelle mobbedefinisjonen. Gå igjennom krenkingane barnet har vore utsett for og få skulen sin aksept på at dette er mobbing. Få erkjenninga inn i referatet.
Vurder å ta opptak Ein har rett til å ta opptak av møte ein sjølv deltek i. Prøv å få til ope opptak. Den føresette bør gjere seg kjend med opptaksfunksjonen på telefonen på førehand, slik at opptaket blir starta raskt og enkelt.
Tek ein skjult opptak, kan ein starte opptaket før ein går inn i møtet, og la telefonen liggje lett tilgjengeleg i veska eller i ei lomme.
Sjå eige kapittel om bandopptak.
Sørg for oppfølging Både skule og føresette synest ofte det er ubehageleg å bli konfrontert med mobbing, og vil gjerne at problemet skal gå over raskt. Mobbing utviklar seg som negativ åtferd over tid, det er sjeldan ein enkelt samtale gir varig løysing. Mange blir oppløfta i møte med skulen, men tilsvarande skuffa når mykje av det som blei lova i møtet uteblir etterpå. Det er viktig å avtale konkret oppfølging av spesifikke tiltak. Få tilbakemelding på når saka har blitt teken opp med familiane til barn som mobbar. Få hyppige møte/samtalar igjennom tiltaksperioden, og hald fram heilt til problemet har vore løyst over tid. Gjerne 2-3 månader etter at problemet blei utbetra. Ver tolmodig og uthaldande, for å få til varige endringar.
Avtal konkrete tiltak med konkrete datoar og konkret oppfølging, før møtet blir avslutta.
Referat Avklar eksplisitt i møtet kva som skal stå i referatet. Få med skulen si erkjenning av mobbeproblemet. Få med konkrete tiltak, med oppfølging og konkrete datoar.