Ta opp miljøproblema med skulen
Be om møte med skulen
Når ein har fått til eit samarbeid i foreldregruppa (sjå førre kapittel), er det tid for å avtale møte med skulen. Hald ein høfleg og konstruktiv tone, og be om møte med leiinga ved skulen. Det er best om fleire føresette og representantane deira møter i fellesskap.
Lag ein felles agenda for møtet med fokus på kva tiltak de ønskjer sette i gang. Legg vekt på eit konstruktivt møte der de står samla overfor skulen.
Dersom du ikkje har lukkast i å skape samarbeid med andre føresette og/eller representantar, kan du uansett ta eit møte med skulen med fokus på å betre skulemiljøet.
Ta med dokumentasjon på miljøproblema og dei ulike tiltaka de føreslår. Dersom skulen ikkje erkjenner miljøproblema, kan det vere verdt å bruke tid på å få til semje om at det finst problem og at ein bør ta tak i dei. Gå deretter over til ein konstruktiv dialog om løysingsalternativ. Kom med forslaga dykkar, lytt til innspela og eventuelle forslag frå skulen, og prøv å få til semje om konkrete tiltak.
Sørg for å ha ein oppfølgingsplan før møtet blir avslutta. Avtal kva ein er einig om, når det skal vere utført og set opp dato og tid for eit oppfølgingsmøte.