Foreldreguide

KapittelSamarbeid med skulen

4 min lesetid · Myk strategi· Stopp mobbing· Samarbeid med foreldre

Søk samarbeid med andre føresette

Mobbing er sjeldan berre eitt barns problem. Alliansar i foreldregruppa gir tyngd overfor skulen — og vernar familien mot isolasjon.

For å løyse miljøproblem på skulen rår vi til å få til eit samarbeid med andre familiar. Prøv å få til eit medvit i foreldregruppa om problema i klassemiljøet, slik at de i fellesskap kan løyse problema. Det kan òg førebyggje eventuell isolering og stigma av barn som blir utsette for mobbing, og familien deira.

Når det er mobbing på ein skule, kan det tyde på leiingsproblem, og at dei manglar strategiar for å handtere krenkingar. Er det tilfelle, kan andre barn òg vere utsette for mobbing. Snakk med foreldra for å avdekkje kven som opplever klassemiljøet negativt. Spør om dei vil vere med på møte med skulen for å få til tiltak som kan betre klassemiljøet.

Eit negativt skulemiljø kan gå ut over mange i klassen, sjølv om dei ikkje er direkte utsette for mobbing. Mange føresette kan vere interesserte i å betre skulemiljøet, sjølv om barnet deira ikkje er direkte råka av mobbinga. Knapt nokon ønskjer mobbing på skulen til barna sine, verken som utsette, utøvarar eller tilskodarar.

Ver varsam med omgrepa

Mange blir anspente når dei høyrer ord som mobbing, mobbar og mobbeoffer. Foreldre er opptekne av eit godt samarbeid med skulen og vil ofte vike dersom dei føler at det står i fare. Snakk om åtferd og skulemiljø, framfor mobbing. Diskuter korleis ein kan gjere klassemiljøet betre.

Kontakt foreldrerepresentantane med verv i skulen

Etter å ha fått til eit samarbeid med andre foreldre, rår vi til å ta kontakt med dei formelle representantane til dei føresette i skulen. Det kan vere klassekontaktar, SU- og FAU-representantar. Dei fleste som tek frivillige verv i skulen har eit oppriktig ønske om eit godt skulemiljø, og vil vere mottakelege for innspel.

Avtal møte med foreldrerepresentantane, og gå i møtet saman. Lag gjerne ein agenda på førehand slik at de foreldre er samstemte. Målet er å få med representanten i møte med skulen, slik at de aukar moglegheita for at skulen set i gang gode tiltak.

Diskuter miljøproblema og alternative løysingar. Definer gjerne konkrete løysingsforslag ein kan leggje fram for skulen. Her er nokre døme:

  • Skjer det krenkingar på skulevegen? Kanskje barna kan delast opp i grupper der barn går heim til ulike tider, eller kanskje foreldre kan veksle på å gå med barna?

  • Skjer det krenkingar i friminutta? Ein kan kome med forslag til aktivitetar, program og inspeksjonar som førebyggjer problema. I nokre tilfelle har føresette bidrege med vakter i friminutta. Det finst program, som Trivselsleder-programmet, som organiserer positive aktivitetar i friminutta.

  • Er elevane sitt val av fotballag i storefri gjort til ydmjukande prosessar der dei “ukule” alltid blir valde sist? Det kan ein enkelt løyse ved å dele inn i faste lag.

  • Barn med valdeleg eller truande åtferd kan få dedikerte vaksne som følgjer dei gjennom skuledagen og hindrar krenkingar.

  • Er det spesifikke barn som krenkjer og blir krenkte, kan ein dele inn i ulike klassar, grupper og tider slik at kontakten blir minimert.

  • Er det problem med utestenging? Foreldregruppa kan bli einige om ein felles strategi for mellom anna bursdagar, slik at ikkje enkeltelevar blir stengde ute eller opplever at ingen kjem i bursdagen deira.

  • Det finst ei rekkje eksterne ressursar som er ekspertar på å betre klassemiljø.

Dersom du lukkast i å samle foreldra og representantane om ei felles forståing av problema, med konkrete forslag til løysingar, står de sterkare i møte med skulen. Det aukar moglegheita for å få til endringar.

Søk gjerne råd om tiltak

Ønskjer de å vite meir om kva løysingar ein kan føreslå for skulen? Då kan de søkje råd hos:

  • Statsforvaltaren: Dei er både rettleiar for skulane og klageorgan i mobbesaker. De kan som foreldre ta uformell kontakt utan å lage klagesak. Forklar problemstillingane og be om råd.

  • Barneombodet: Dei har fått løyvingar for å vere barna sin “advokat” i mobbesaker og har kompetanse på løysingar.

  • Utdanningsdirektoratet: Dei har oversikt over mobbeprogram, fagmiljø og ressursar som kan gjerast tilgjengelege for skulen.

Les: Samarbeid med skulen

Frå den opphavlege foreldreguiden til FOMIS (2018). Innhaldet blir gjennomgått og oppdatert.