Dominerer skulen også fritida? Då kan det vere lurt å vurdere alternativ
Mange barn tilbringer store delar av både skuletida og fritida saman med klassekameratane sine. Dersom klassemiljøet er negativt for barnet, tilrår vi å vurdere alternativ utanfor skuletida.
Barneskulen begynner gjerne tidleg om morgonen med SFO, held fram med undervisning, blir avslutta med SFO, deretter vennegrupper, leksegrupper for så å runde av kvelden med til dømes fotball eller handball. Mange barn er på ulike arenaer i løpet av dagen der dei møter dei same personane og dei same sosiale hierarkia som i klassen.
Dersom klassen består av nokre få “kule” på toppen, ei stor gruppe som støttar opp om dei “kule” og ei gruppe “ukule” nedst, er det sosiale miljøet lite givande for mange av elevane. Fritidsaktivitetar som fotball og handball har ofte utspring i klassen. Resultatet kan til dømes vere at “populære” elevar blir valde først, får ballen mest og utviklar seg best, på kostnad av andre. For barn som blir mobba og frosne ut, kan det vere direkte skadeleg berre å omgåst sosiale grupper med utspring i klassemiljøet.
Vi tilrår å vurdere aktivitetar som supplement og alternativ til klassemiljøet.
Nokre døme kan vere;
-
Alternativ SFO: Det er gjerne mindre bemanning på SFO enn i skuletida, og mobbing kan førekome på SFO. Ein del stader finst det alternative SFO-tilbod som dans, tennis, symjing m.m. Nokre SFO-aktivitetar tilbyr henting på skulen.
-
Eigne fritidsaktivitetar: Ein kan prøve ut ulike fritidsaktivitetar og sjå kva barnet trivst med og kanskje oppdage “skjulte” talent. Mange stader er det eit rikt utval av aktivitetar, kva med å prøve musikk, sjakk, teater eller teikning?
-
Sommarleir: I mange kommunar blir det tilbode ulike sommarleirar for barn, det kan vere rideleirar, sjøleir, speidarleir, korpsturar og andre sommararrangement. Kontakt gjerne kommunen din og undersøk kva tilbod som finst. Prisane er i mange tilfelle moderate.
-
Idrettsbarn: Fysisk aktivitet er sunt for alle, ikkje minst for barn som har vore utsette for mobbing. Det kan gi styrke, sjølvtillit og redusere stress og frustrasjon. Undersøk gjerne både lagidrettar og individuelle idrettar. Lagidrettar kan leggje positiv vekt på samspel, men ikkje alle blir like synlege på eit lag. I individuelle idrettar kan det vere større fokus på det enkelte barnet.
-
Konkurranseidrett: Dersom barnet/ungdomen begynner å konkurrere aktivt, kan skulemiljøet få stadig mindre å seie etter kvart som idretten tek meir tid. Fokuset blir flytt til treningar, turneringar, konkurransar, reiser og venner på tvers av klasse, skule og bustad. Nokre søkjer seg til vidaregåande skular med idrettslinjer, som ikkje nødvendigvis ligg i heimkommunen. Nokre går vidare til scolership i USA, medan ein del barn sluttar med konkurranseidrett når dei kjem i puberteten. Uansett kor lenge barnet er aktivt i idrett, vil det for dei aller fleste vere ei positiv tid og eit godt minne.
Kostnader kan haldast nede
Idrett og aktivitetar for barn og unge kan koste store beløp, men ein kan prøve ulike arenaer utan å bruke mykje pengar. Her er nokre tips;
-
Korpsaktivitetar tilbyr gjerne lån av instrument. Store delar av aktivitetane blir finansierte med frivillig innsats frå føresette og frå barna, noko som kan vere hyggeleg og bidra til å byggje nettverk.
-
Nokre idrettsklubbar har bruktsal. Då kan ein ta med alt utstyret som er for smått sidan førre sesong, og kjøpe brukt i rett storleik til neste sesong. Ein kan oppdatere utstyr i fleire idrettar, utan at mellomlegget blir stort.
-
I individuelle idrettar kan ein prioritere fellestimar/-kurs framfor å kjøpe privattimar.
-
Liker barnet ein aktivitet godt og vil satse, kan det vere eit fint høve for familien til å bidra i gåvene sine til barna, som i jula og på bursdagar.
Aktivitet kan vere sunt i seg sjølv
Når livet blir fylt med positive aktivitetar blir det mindre tid til å gruble over mobbinga og kva som gjorde nettopp “meg” utsett. Det kan bli lite åleinetid og mobbinga kan raskare bli eit fjernt minne.
Meistring
Følg opp aktivitetane slik at dei nye arenaene blir til positiv meistring.
Les: Kvifor kan skulebyte vere eit alternativ du bør tenkje over?