Referatet stemmer ikkje med møtet
Sjølv om ein møter førebudd i møtet med skulen, og gjennomfører det som skildra tidlegare, kan ein oppleve å få eit referat som avvik frå det som faktisk blei sagt i møtet. Referatet er eit dokument som går inn i saksmappa til barnet, og kan dukke opp i ei eventuell klagesak, hos PPT og andre aktørar.
Ved feil i referatet rår vi til å sende skulen korrektur og be om eit nytt referat. Få gjerne underskrift frå andre som var til stades dersom dei kan stadfeste versjonen til familien, eller dokumenter på annan måte feil i referatet.
Dersom skulen ikkje lagar nytt referat, kan de be om at korrekturen dykkar blir arkivert saman med referatet. Ta vare på korrekturen som dokumentasjon. Krev gjerne innsyn i mappa til barnet og pass på at informasjonen er korrekt.