Til deg som nettopp har fått vite det
Kanskje kom det fram i går kveld. Kanskje har mistanken vakse over veker, og no veit du. Barnet ditt blir mobba — og du sit her og leitar etter svar.
Det du kjenner no — sinne, sorg, kanskje skuld for ikkje å ha sett det før — er normale reaksjonar. Barn skjuler ofte mobbing, særleg for dei dei er mest glade i. At du veit det no, er byrjinga på løysinga.
To ting er verdt å vite frå første dag: Barnet ditt har ein lovfesta rett til eit trygt skulemiljø, og skulen har plikt til å handle når de seier frå. Og de er ikkje åleine — denne guiden er skriven av foreldre som har stått nøyaktig der du står no.
Dei tre første stega
- Lytt til barnet. La barnet fortelje i sitt eige tempo, utan forhøyr. Den viktigaste bodskapen er: «Eg trur på deg, dette er ikkje di skuld, og vi skal ordne opp.» Les meir i Barnet treng støtta di.
- Start med å notere i dag. Skriv ned det du veit så langt — hendingar, datoar, namn — og hald fram med å notere framover. Dokumentasjonen blir viktig uansett korleis saka utviklar seg. Les Dokumenter alt.
- Vurder om det er mobbing — og vel framgangsmåte. Start med mobbedefinisjonen, og les deretter om myk strategi og formell mobbesak. Begge vegane er skildra steg for steg i guiden.
Dersom det hastar
Er barnet utsett for vald eller truslar, eller er du bekymra for helsa til barnet, skal du ikkje vente på prosessar: kontakt skulen med krav om strakstiltak, og involver fastlegen. Treng du eller barnet nokon å snakke med i kveld, finst det menneske som er vakne no.
Sjå hjelpetelefonane